Brev fra Knut Fagerbakke

22/02/2013 by

Dette brevet er sent av Knut Fagerbakke, varaordfører i Trondheim.

Brevet er sendt til:

Justisminister Grethe Faremo,  Riksadvokat Tor-Aksel Busch, Justiskomiteen v/leder Per Sandberg og medlem Akhtar Caudhry

Dato: 20.02.2013

«Tilfellet Arvid Birkeland

Så er dommen falt.  Arvid Birkeland er dømt til 12 års fengsel i Brasil for økonomisk kriminalitet.  Kvitvasking av pengar er hovedargumentet for dommen.  Ein dom, som etter Birkeland si oppfatning, og mi, er basert på ein feilaktig rapport frå Økokrim om Birkeland si økonomiske evne til å investere i prosjekta i Brasil.  Feil som representantar frå Økokrim har stadfesta, men ikkje er villig til å innrømme overfor påtalemyndighetene i Brasil.

Eg har motteke kopiar frå Birkeland av svara som Riksadvokten har sendt han og Riksadvokaten viser ingen vilje til å rette opp den påviselege feilen som stod i den første rapporten som blei sendt til påtalemyndighetene i Brasil.  Tvert om er både skuldspørsmålet og dommen sterkt prega av denne rapporten.  Eg må og sei at eg reagerer på tonen i svara Birkeland har fått frå Riksadvokaten.   Dei berer preg av ein sterk irritasjon overfor Birkeland som ikkje er villig til å gje opp kampen for si uskuld i denne saka.

Eg har motteke svar frå Justisdepartementet v/sivilavdelinga at departementet ikkje formelt kan gripe inn i saksbehandlinga til Økokrim eller riksadvokaten.   Dette har eg forståing for, men når både Økokrim og Riksadvokaten nekter å rette opp feilen frå den første rapporten, kven skal då granske saksbehandlinga?

Då eg er temmeleg sikker på at her føreligg eit justismord, grunna mangelfull informasjon om Birkeland sin økonomiske situasjon, tillater eg meg å ta saka opp på nytt.   Eg vil punktvis grunngje kvifor eg meiner denne saka kan vere eit av dei verste justismorda i Norge.

  • Etter anmodning frå Brasil s påtalemyndighet sendte Økokrim den 16.3.2007 ein økonomisk rapport basert på Birkeland sine sjølvmeldingar for åra 2002-2005.   Rapporten fortalte at Birkeland i denne perioden hadde hatt ei inntekt på 1,2 mill kroner.  Rapporten sa ingen ting om formuen til Birkeland, verken den private eller formuen i selskapa hans.  Då verken formue eller kontantstrøm var nemnt i rapporten, er det klart at rapporten var villeiande, og ikkje minst blei mistanken mot Birkeland styrka, då han i samme periode hadde investert ca 5 mill kroner i Natal-prosjekta.
  • Advokatfirmaet Steenstrup Stordrange har allereie i 2007, gjennom bankutskrifter frå Nordea Bank og komplette sjølvmeldingar, dokumentert at Birkeland hadde overført ca 5 mill kroner på legal måte frå sitt norske as og privat.  Det er altså ikkje tvil om faktum i saka.  Kvifor har ikkje Økokrim vore villig til å korrigere dette overfor Brasil sin påtalemyndighet?  Heile dommen er jo prega av den første rapporten og det står ingenting om korreksjonane som advokatfirma kom med.
  • Det som undrer meg enda meir er at Kavli frå Økokrim ikkje er villig til å stadfesta det han sa til NRK v/Kari Sørbø i 2009:  der han bl.a. sa at: ”Det er ingen mistanke til noen av nordmennene i Natal saken og han  sa videre at Birkeland hadde legale midler til å investere”.   Han stadfesta derfor i dette intervjuet det advokatfirma Steenstrup Stordrange hadde dokumentert i 2007.
  • Når vi så leser dommen er det innlysende at det berre er første økonomirapport frå Økokrim det er tatt hensyn til.   Det Økokrim har sagt til norsk TV er ikkje nemnt i det heile.   Dette er sjølvsagt heilt fatalt for Arvid Birkeland, som på desse feilaktige premissane er dømt til 12 pr i brasiliansk fengsel.   Dette kjem på toppen av dei 6 åra han allereie har sitte i husarrest.   Er det rart at mange tenker justismord når norges høgste politimyndighet ikkje er villig til å rette opp slike alvorlege feil?
  • Eg siterer frå dommen:  pkt 2.2.17:  ”Hvis man sammenfatter det ovenstående, finner vi at Mr. Arvid Birkeland kjøpte en rekke eiendommer til høy verdi, har et eget selskap og har gjort finansielle transaksjoner i perioden 2001 til 2005 for verdier over 600 000, mens samlet inntekt kun var 60 000”.  Sitat slutt. Og videre: Passus 39 i dommen der skattemyndighetene i Brasil siteres:  ”Han konkluderer om at tiltalte har opparbeidet seg en formue på mer enn 1 mill USD uten å dokumentere lovlig inntekt til å forklare dette”.   Begge disse sitatene frå dommen er basert på Økokrim sin feilaktige rapport.     Altså falske premissar som Økokrim kunne ha retta opp, men ikkje har vist vilje til å gjere.  Det er nesten ikkje til å forstå at Birkelands dokumentasjon av det motsatte, gjennom skatterapporten frå Steenstrup Stordrange som viste at det var ”kvite” pengar Birkeland har investert, blei lagt meir vekt på.

Det som er mest beklageleg i denne saka og svært graverande slik eg ser det, er likevel Økokrims manglande vilje til å rette opp dei feilaktige opplysningane om Arvid Birkeland sin økonomi som stod i den første rapporten.

Det er mykje som tydar på at visst dei det hadde gjort, ville Arvid Birkeland i dag vore ein fri mann, enten i Norge eller Brasil og ikkje vore fråteken friheten sin gjennom 6 år i husarrest og ein dom på 12 år i fengsel som venter på han.

Eg oversender dette brevet til politisk nivå i departementet, ikkje sivilavdelinga, til riksadvokten og to medlemmer i justiskomiteen på Stortinget.   Eg ber dykk til å gjere eit siste forsøk på å få Økokrim til å rette opp dei graverande feilane dei har gjort

 

Mvh

Knut Fagerbakke»

Related Posts

Tags

Share This

UA-13087107-3